Skiskule

Instruktørane er i alle aldrar, med ulik yrkesbakgrunn i tillegg til ei solid instruktørutdanning frå Den Norske Skiskole. Samansetninga av instruktørar er ung entusiasme blanda med lang og variert erfaring. Me legg vekt på at det skal vera moro på ski, anten du er ung eller gamal, nybyrjar eller vidarekomen, sprek eller ikkje fullt så sprek. Våre privattimar vert spesielt tilrettelagt for kvar enkelt gjest.

Me underviser på alle nivå i alpint, park, langrenn, snowboard og telemark. I tillegg til tradisjonell skiundervisning tilbyr me ulike skredkurs, coaching og guida turar. Ta kontakt eller stikk innom for ein uforpliktande prat!

Me samarbeider med:

Den norske Skiskole: www.snowsports.no
Norges Skiforbund: www.skiforbundet.no
ISIA -International Ski Instructors Association: www.isiaski.org

Oppdatert informasjon om tilboda til skiskulen vinter 2015/2016 blir lagt ut i løpet av hausten.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *